NHH FK – Os 2 2-1

Ytreland
Møll – Klette – Ruud – Tveit
Peer – Markus
Dale – Langdalen – Morten
Mikkel

Benk: Tomas, Evensen, Erlend
Etter ein god sesongstart var det klart for årets andre heimekamp – og årets første kamp på Fort Åstveit. Med flunkande nytt kunstgras og litt regn i lufta låg alt til rette for ein finspelt kamp mot Os 2.

I starten vel Os 2 å legge seg lågt og lar oss ha ballen. Vi er tolmodige og trillar ball, og etter kvart byrjar vi å rulle opp nokre fine angrep. Etter 15 min spelar Møll fint opp på Mikkel som set fart framover. Han klarar å skjære framfor forsvarspelaren til Os 2 og kjem seg inn i straffefeltet. Forsvarspelaren ser seg nødt til å ta i bruk ulovlege midlar, og dommaren bles for eit soleklart straffespark. I fråveret til Magnus er det Peer som får ansvaret for å ta straffa. Peer er sikkerheita sjølv og set ballen via tverrliggaren og inn. 1-0!
Vi held fram med det gode spelet, og etter 24 min rullar vi opp på venstresida. Ballen endar til slutt opp hos Markus som fyrar av eit skot. Keeper får først blokkert, men på returen dukkar Mikkel opp slik ein goalgetter skal og styrer inn 2-0.
Berre minuttet seinare lempar Os 2 ballen inn i sekstenmeteren vår. Ytreland kjem ut for å fange, men den glatte ballen sklir ut av hendene hans og har retning mot målet. Klette får hindra ballen på streken, men på returen dukkar ein Os 2 spelar opp og bankar inn reduseringa.

Vi har god kontroll på resten av omgangen, og går til pause med ei særs fortent 2-1 leiing.
I andre omgang flyttar Os 2 laget litt høgare i bana, slik at vi ikkje får trille ball fullt så mykje. Kampen jamnar seg litt meir ut, men vi har framleis god kontroll. Os 2 skapar ikkje noko særleg, og vi er nærare å gå opp til 3-1 enn dei er å få ei utlikning.
Kampen endar 2-1, og årets første seier på Fort Åstveit er eit faktum!

Mål:
1-0: Peer Lea (Mikkel Brynestad Stokke)
2-0: Mikkel Brynestad Stokke (Markus Nilsen)
2-1: Ukjent

Stjerner:
*** Mikkel – Skaffar straffespark etter eit glimrande forarbeid, og er på rett plass til rett tid på 2-0 scoringa. Jobbar godt på topp.
** Peer – Styrer midten i store deler av kampen og viser ro med ballen. Iskald straffe.
* Markus – Blir kasta inn i ei uvant rolle som arbeidsjern på midten, men utførar oppgåva med bravur.

Advertisements

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s